Kva vil vi med Hegni? Kva skal dette utruleg flotte området nyttast til framover? Korleis ivaretake kvalitetane samstundes som det blir lagt til rette for utvikling?

Stadutviklingsprosjekt – moglegheitsstudie

Bykle kommune har satt i gong eit arbeid med moglegheitsstudie for Hegni aktivitets- og friluftsområde. I samband med handsaminga av kommuneplanen i 2019 vart det peikt på at Hegni-området trong ei vidare utvikling med omsyn til aktivitetar og attraksjon. Området er særs verdifullt, og mange har meiningar om kva som bør skje vidare der. Hegni er i dag eit viktig rekreasjonsområde, samt ein sosial og kulturell møteplass. Det er attraktivt for ev. næringsutvikling, og kan ha ein viktig rolle for reisemålsutvikling.

Det blei fremma ei sak til planutvalet i desember 2020 der utvalet vedtok å sette i gong ein medverknadsprosess for å vidareutvikle Hegni-området. Planutvalet er styringsgruppe for arbeidet og planavdelinga er prosjektansvarleg og står for prosjektleiinga. Prosjektet er støtta av Agder fylkeskommune. Prosessen skal kome fram til ulike alternativ for vidare utvikling. Det alternativet som til slutt blir valt, skal fungere som eit grunnlag for langsiktig arealforvaltning av området.

Rådgjevarselskapa Trollvegg Arkitekter AS v/Kathrine Hesthag og Prosjekthuset AS v/Tone Straume Wikeland har fått oppdraget med å utarbeide sjølve moglegheitsstudien på bakgrunn av faglege analysar og vurderingar, samt innspel som kjem inn frå lokalebefolkninga og andre. For å hjelpe konsulentane er det etablert ei arbeids- og referansegruppe med deltakarar frå lokale bebuarvelforeiningar, næringsforeining, destinasjon Hovden, barn- og unges representant, Agder fylkeskommune m.fl. Det vil bli lagt til rette for eigne medverknadsprosesser for barn og unge. Andre aktørar, som ressursgruppa for hyttevelforeiningar, næringsaktørar, Setesdalsmuseet m.m. vil og bli kontakta.

Desse er med som «referansegruppe» og representerer ulike interesser under vegs:

  • Plan- og miljøutvalet – Leiar Hans Blattmann
  • Velforeiningar for innbyggarar på Hovden – Sabine Bello
  • Barn- og unges repr. – Hedda Schaaning
  • Næringsrådgjevar – Trine Tharaldsen
  • Kultur og fritid – Helga Jacobsen
  • Destinasjon Hovden – Kirsten Leira
  • Næringsforeininga på Hovden – Terje Rogstad
  • Fylkeskommunen –  Silje Utne Bjørke frå planavd. /Snorre Haukalid -kulturminneavd.

Resultata av prosessen vil bli lagt fram på ein temadag seinare på våren, truleg i mai. Det vil i samband med denne vere mogleg for befolkninga og andre og gjere seg kjent med forslaga om kome med innspel.

Kontaktperson:

Anne Lislevand - Bykle kommune: tlf 922 68 146, anne.saether.lislevand@bykle.kommune.no