Tilskottsordningar i landbruket

Kommunale tilskott til jord- og skogbruk - sjå vedlegg. (pdf)
Produksjonstilskott

Regionalt miljøprogram (RMP)
Alle landbruksføretak kan søkje tilskott for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Kvart fylke har eit eige miljøprogram med eit utval miljøtiltak du kan få tilskott for å utføre. Tiltaka blir bestemt ut i frå kva Fylkesmannen ser på som dei største miljøutfordringane i sitt fylke. Dette kan blant anna vera tiltak for å oppretthalde kulturlandskapet eller for å forhindre forureining.

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
Føremålet er å ivaretake natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapa til jordbruket, samt redusere forureininga frå jordbruket, utover det som blir forventa gjennom vanleg jordbruksdrift. Eit viktig siktemål med ordninga er å få til ein meir målretta innsats med utgangspunkt i lokale behov, utfordringar og målsetjingar.

Tilskott til avløysing ved ferie og fritid
Avløysarordningane omfattar tilskot til avløysing ved ferie og fritid og tilskot til avløysing ved sjukdom og liknande. Avløysinga må organiserast som eit arbeidsgjevar-/arbeidstakarforhold, men søkaren kan overlate arbeidsgjevaransvaret til eit avløysarlag, ein avløysarring eller kommunen. Avløysartilskott kan bli gitt til å dekke faktiske utgifter.

Tilskott til drenering
God drenering er avgjerande for å kunne auke matproduksjonen i åra som kjem. Det er også eit viktig ledd i å tilpasse jordbruket til eit endra klima med meir nedbør. God drenering reduserer også faren for erosjon frå jordbruksareala og bidrar på den måten til god vasskvalitet og eit godt vassmiljø.

Landbrukseigedom:  Som eigar av landbrukseigedom er det visse plikter ein må oppfylle:

- Buplikt
I konsesjonsloven finnast det tre former for buplikt. Lovbestemt buplikt er for nær slekt eller odelsberettiga som overtar landbrukseigedom. Buplikt kan også setjast som vilkår i konsesjonssak. For små eigedommar kan buplikt vere betinga for konsesjonsfridom i ein kommune med forskrift om nedsett konsesjonsgrense (nullgrense).

-Driveplikt og jordleie
Reglane om driveplikt gjeld alle eigarar av jordbruksareal. Etter jordlova § 8 har eigarar av eigendom med jordbruksareal driveplikt i hele eigartida. Dette gjelder alle som eig slik eigendom frå 1. juli 2009. Driveplikten kan oppfyllast ved at eigaren driv sjølv eller ved bortleige. I sameiger har kvar enkelt sameigar driveplikt.

-Odel

- Konsesjon
Konsesjonslova regulerer omsetnaden av fast eigedom generelt. Det er naudsynt med konsesjon for å tileigne seg fast eigedom. Føremålet med konsesjon er å oppnå eit effektivt vern om landbruket sine produksjonsareal og eigar- og bruksforhold som er mest gagnleg for samfunnet.

- Omdisponering og deling
Jordlova har regler om omdisponering av dyrka jord og om deling av landbrukseiendom.  Det er eit landbrukspolitisk mål å sikre og samle ressursane på bruket for nåværande og framtidige eigarar. Dette har samanheng med eit politisk ønskje om å styrke ressursgrunnlaget på de enkelte driftseiningane i landbruket slik at dei kan oppretthaldast som aktive bruk også i framtida. Bakgrunnen er blant anna ei målsetjing om meir effektiv volumproduksjon av norske landbruksprodukter.

Nydyrking
Nydyrking er peika på som ein av fleire måtar me kan nå det nasjonale målet om å auke norsk matproduksjon på. Dersom du ønskjer å dyrke nye areal til jordbruksføremål, må du søkje kommunen om godkjenning.  Som nydyrking reknar ein fulldyrking og overflatedyrking av udyrka mark eller gjenoppdyrking av jordbruksareal som har lege unytta i over 30 år. Opparbeiding av overflatedyrka mark til fulldyrka mark vert ikkje rekna som nydyrking.

Miljøplan i jordbruket
Miljøplan er eit verktøy for det enkelte føretak for registrering, planlegging og dokumentasjon av miljøtiltak knytt til jordbruksdrift. Miljøplan skal føre til meir miljøvennleg jordbruksproduksjon og til at positive miljøeffektar av jordbruksdrift blir haldne vedlike eller blir auka.  Forskrift om miljøplan gjeld for alle føretak som mottek produksjonstilskot i jordbruket. Manglande eller mangelfull miljøplan fører til reduksjon i utbetaling av produksjonstilskott ut frå arealstorleiken til føretaket. Miljøplan og Kvalitetssytem i landbruket (KSL) har stort sett felles kravsett på miljøområdet.  Miljøplan brukast for internkontroll på det enkelte føretak og skal ikkje sendast til kommune eller andre landbruksmyndigheiter. Dokumentasjon knytt til miljøplanen skal oppbevarast på føretaket og vere tilgjengeleg for kontroll i 10 år etter planårets slutt.