Eksempel på tilstandar det kan vera fornuftig å ta kontakt med legevakta om:

•    Høg feber – særleg hjå barn

•    Moderate pustevanskar

•    Akutt sjukdom eller alvorleg forverring

•    Slapt og medteke barn eller tilsvarande symptom hjå vaksne.

•    Alvorleg psykisk sjukdom

•    Mistanke om komplikasjonar i svangerskap

•    Kuttskadar som må syast

•    Mistanke om brot

Når skal du ringja 113

Ved ulukker og alvorlege hendingar der du treng akutt helsehjelp, skal du ringja 113.

Har du eitt av desse symptoma skal du alltid kontakta medisinsk nødhjelp 113:

•    Nye lammelsar i ansikt, arm eller underekstremitet

•    Nytilkomne språkforstyrringar, finn ikkje ord eller utydeleg tale

•    Uforklarleg og plutseleg ustø

•    Om ein person er medvitslaus eller har nedsett medvit

•    Brystsmerter i meir enn fem minutt

•    Bruk av hjertemedisinen nitroglyserin gjev mindre effekt enn til vanleg

•    Uventa ubehag i brystet, generell uvel og kvalme

Fastlegen kan også gje hjelp raskt

Dersom du treng hjelp på dagtid, skal du først ringja fastlegen eller fastlegekontoret du høyrer til. Fastlegen vurderer kor mykje det hastar, og kan vanlegvis gje deg ein time same dag dersom situasjonen krev det. Du skal alltid kontakta fastlegen når det gjeld sjukemelding, fornying av resept og varige og kjende plager utan akutt forverring.