Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Bykle kommune

Anders Martinsen

Legevakta i Bykle og Valle - 116 117

Legevakta i Bykle og Valle har lege på vakt døgnet rundt, heile året.  Når du ringjer det sekssifra nummeret 116 117 kjem du i kontakt med legevaktsentralen i området der du oppheld deg. Legevaktssentralen for Bykle og Valle er ved legevakta i Arendal. 

Legevakta skal tilby hjelp til det som ikkje kan vente når fastlegekontoret ditt er stengt. Legevakta skal også hjelpa deg når du ikkje er i nærleiken av fastlegen din, for eksempel på ferie eller reise. Dersom du trur det er akutt og står om liv, ringjer du medisinsk nødhjelp 113. 

NÅR DU TRENG LEGEHJELP:  KVEN SKAL DU RINGJE?
Fastlegen din i opningstida
Legevakt 116117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente
113 når det er akutt og står om liv.

Fastlegen kan også gje hjelp raskt 
Dersom du treng hjelp på dagtid, skal du først ringja fastlegen eller fastlegekontoret du høyrer til. Fastlegen vurderer kor mykje det hastar, og kan vanlegvis gje deg ein time same dag dersom situasjonen krev det. Du skal alltid kontakta fastlegen når det gjeld sjukemelding, fornying av resept og varige og kjende plager utan akutt forverring. 

Kva kan legevakta gjera for deg ?
Dersom du treng legevakt må du ringe legevaktsentralen for vurdering  og eventuelt avtale om oppmøte hjå legevakta.  Ofte kan gode råd på telefon vera nok. Når du brukar legevakttenester, skal du betala ein eigenandel. 

Legevakta vil gjere ei vurdering av kor mykje det hastar. Dersom du må venta, er det fordi andre treng hjelp raskare. For å kunne hjelpa deg på best mogeleg måte, treng legevakta opplysingar om personalia, adresse, kvifor du tek kontakt, tidlegare sjukdommar, og kva medisin du nyttar. 

Eksempel på tilstandar det kan vera fornuftig å ta kontakt med legevakta om: 
•    Høg feber – særleg hjå barn
•    Moderate pustevanskar 
•    Akutt sjukdom eller alvorleg forverring
•    Slapt og medteke barn eller tilsvarande symptom hjå vaksne.
•    Alvorleg psykisk sjukdom
•    Mistanke om komplikasjonar i svangerskap 
•    Kuttskadar som må syast
•    Mistanke om brot 

Når skal du ringja 113 
Ved ulukker og alvorlege hendingar der du treng akutt helsehjelp, skal du ringja 113.
Har du eitt av desse symptoma skal du alltid kontakta medisinsk nødhjelp 113:

•    Nye lammelsar i ansikt, arm eller underekstremitet 
•    Nytilkomne språkforstyrringar, finn ikkje ord eller utydeleg tale
•    Uforklarleg og plutseleg ustø
•    Om ein person er medvitslaus eller har nedsett medvit
•    Brystsmerter i meir enn fem minutt 
•    Bruk av hjertemedisinen nitroglyserin gjev mindre effekt enn til vanleg
•    Uventa ubehag i brystet, generell uvel og kvalme 

 

Kontaktinformasjon

Legevakt telefon:  116 117 

Ved livstruande tilstander

ring alltid:  113  

Tjenestebeskrivelser

Publisert | Oppdatert 22. oktober 2019