Tilrådingar i Bykle kommune:

  • Kommunen tilrår alle å lasta ned smittestopp appen
  • Hald 2 meter avstand til andre der det er mogleg, bortsett frå dei du bur med, kjærasten din eller 1-2 faste kontaktar om du bur åleine
  • Ha få kontaktar og dei same over tid. Vi tilrår maks ti sosiale kontaktar per veke
  • Maks to gjestar på besøk  og dette inkluderer tilhøyrande uteområde
  • Kjem du frå eit område med høg smitta, bør du ikkje overnatta på hotell  eller tilsvarande overnattingsstader i påsken
  • Viss du bur på ein stad der kommunen rår mot besøk heime – bør du heller ikkje ha besøk der du held til påsken
  • Hald deg heime viss du er i karantene eller ventar svar på koronatest
  • Hald deg heime viss du ikkje er frisk og test deg ved minste mistanke. Då tar du kontakt med Hovden helsehus på telefon 37 93 86 80 på dagtid på kvardagar. På raude dagar tar du kontakt med 48 99 15 10 mellom kl 14-15
  • Dersom du testar positivt, skal du reisa heim

Regler i Bykle kommune:

  • Påbod om å bruka munnbind på offentlege stader innandørs når 2 meter ikkje kan overhaldast
  • Forbod mot å samlast meir enn 5 gjestar utover husstand i hytte/hus. Dette betyr at ein kan bli meldt og bøtelagt dersom ein har meir enn 5 gjester.
  • Treningssenteret er berre ope for innbyggarar som bur i Bykle kommune
  • Hovden Badeland er stengde for kommersiell drift

Mellombels forskrift smittevern for Bykle kommune 25.03 kl 24.00 til 05.04 kl 23.59



Personvern - SMS-varslingar frå Bykle kommune