Då bilruta runda 100 år vart det gjeve ut bok om selskapet. Forfattar Leonhard Jansen kom til Bykle for å fortelje om utviklinga i eit selskap han har kalla livsnerva gjennom dalen. Frå dei første skyssmetodane til dagens moderne selskap med ruter over heile landsdelen baud Jansen på ei spennande forteljing.

Godt oppmøte

Mange fekk kulturkaféen med seg. I tillegg til forteljinga om bilruta koste folk seg med kjøttsuppe og flatbrød servert av Signe Bitubekk.