Martin Søgnen starta på planavdelinga no i haust. Han er allereie godt i gong og bidreg til at vi får jobbane gjort.

Arbeidsområda er planarbeid, sakshandsaming, framleggingar i planutvalet, og tverrfagleg samarbeid på ulike plantyper.

Martin har særleg ansvar innafor; berekraft, klima, energi, trafikksikring, massetak/-deponi og forureining, og at desse fagtema blir ivareteke.

Han vil arbeide med reguleringsplaner, ein del overordna planer og temaplaner. I tillegg kjem noko dispensasjonssaker, klagesaker, delingssaker, høyringsuttaler og anna innafor avdelinga sine fagområde.

Velkomen på laget, Martin!