Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Matrikkel - retting

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Du kan krevje å få retta, endra eller føyd til opplysningar i matrikkelen (det offisielle eigedomsregisteret). Dette er aktuelt dersom opplysningane er feil eller ufullstendige eller grunnlaget for registreringa er falle bort. Dersom feilen stammar frå andre register, som til dømes grunnboka eller folkeregisteret, skal kravet sendast vidare dit. Opplysningar om grenser som er fastsette i oppmålingsforretning (eller tilsvarande), kan berre rettast med grunnlag i ny oppmålingsforretning.

    Målgruppe

    Grunneigarar og festarar

    Kriterium/vilkår

    Du må dokumentere grunnlaget for kravet ditt om retting av opplysningar i matrikkelen. Dersom rettinga òg gjeld nabo, rettshavar eller andre partar, må du leggje ved dokumentasjon for at dei samtykker i kravet om retting.

    Pris for tenesta

    Kommunen kan ikkje krevje gebyr for retting.

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    aaa
  • Lover og forskrifter
    Se 
    Matrikkellova § 26 Retting av opplysningar i matrikkelen og sletting av matrikkeleining
    Matrikkelforskriften § 10 Retting, endring eller tilføying av opplysninger i matrikkelen mv.

    Lover

    Forvaltningsloven
    Matrikkellova

    Forskrifter

    Matrikkelforskriften

    ___
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Du set fram kravet om retting til kommunen. Dersom rettinga gjeld opplysningar som òg gjeld ein annan instans, vil kommunen sende kravet vidare for å bli avgjort der, eventuelt til uttale.

  • Saksbehandling

    Saksbehandling

    Kommunen vil vurdere om det ligg føre ein feil og om du har tilstrekkeleg dokumentasjon for kravet ditt. Kravet til dokumentasjon vil avhenge av kva slags opplysningar det dreiar seg om, og korleis opplysningane er henta inn opphavleg. I mange tilfelle vil retting i matrikkelen vere ei rein administrativ oppgåve utan at det blir gjort noko vedtak. Dersom endringa har noko å seie for andre partar, skal dei bli underretta.

    Saksbehandlingstid

    Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det.

    Klagemulighet

    Dersom du får avslag på kravet om retting, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot avslaget. Forklar kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Står kommunen fast på avgjerda si, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Kontaktinformasjon

    Kontaktpersoner

    Navn:Sigrid Bjørgum
    Tittel:Rådgjevar plan- og kartsaker
    Telefon:37938543
    Mobil:95807743
    Epost:sigrid.bjorgum@bykle.kommune.no
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2018-12-10 12:33