Kommunestyret i Bykle har samrøystes vedtatt detaljregulering for Hoslemo hyttefelt, planid 201903 i møtet 25.06.2020, sak 90/20. Plankartet er sist korrigert 10.06.2020.

Endringar i plankartet sidan førre kommunestyrevedtak 26.03.2020 kan påklagast til Bykle kommune for dei som er part i saka eller har rettsleg klagerett. Merk at det er bare dei siste endringane som kan klagast på. Klagefrista er 24.07.2020. Klaga skal sendast skriftleg til Bykle kommune, SARVSVEGEN 14, 4754 Bykle eller postmottak@bykle.kommune.no. Oppgi saksnummer, kva klaga gjeld, og grunngjeving for klaga. Klaga må vere motteke innan klagefristen, og ho må vere underteikna, jf forvaltningslova § 32.

For fleire opplysningar og relevante plandokument i saka, sjå Bykle kommune si heimeside eller ta kontakt med informasjonen.