Fylkeskommunen er ein viktig regioal utviklingsaktør!  I dag var vi invitert til innleiande drøfting om ny samarbeids- og utviklingsavtale. Fylkesordførar Arne Thomassen kom saman med  Anita Henriksen - direktør, Regionplan Agder 2030, Elisabeth Hording Mathisen – rådgiver, avdeling for strategi og mobilitet Camilla Thomassen – rådgiver, avdeling for samskaping og internasjonalisering til Setesdal for å starte arbeidet med ny avtale mellom Agder fylkeskommune og Bykle kommune. Avtalen skal ha 4års horisont - men med årleg oppdatering. Vi tok utgangspunkt i tre tema frå Regionplan Agder 2030; klima og miljø, levekår, inkludering og mangfald,  næring og nye arbeidsplassar. Aktuelle samskapingstema vart drøfta. Etterkvart kjem eit utkast som vil bli lagt fram til politisk handsaming både i kommunen og fylkeskommunen.