- Det må søkast om dispensasjon og bruksendring på eigedomen (skjema finn du under vedlegg)
- Gebyr for handsaming av søknaden vert fakturert etter kommunens gebyregulativ (sjå prisliste)
- Dispensasjon forutset at søkjar melder flytting til fritidseigedomen minimum 3 månader etter innvilga dispensasjonssøknad. Viss ikkje flytting vert meld innan fristen feld dispensasjonen vekk
- For å få straumstønad må du kontakte straumselskapet og dokumentere at kommunen har gitt dispensasjon og bruksendring på eigedomen din
- Kommunale avgifter gjeld som for bustader
- Dersom det er behov for for skuleskyss vil skyssgrensa for dei ulike årstrinna bli rekna frå hovudveg til skule
Mogelegheit for fast busetting i fritidsbustader
Bykle kommune opnar for tillatelse/mogelegheit til fast busetting gjeve gjennom
dispensasjon etter PBL Kap 19. Innvilga løyve gjeld for 10 år.
Planutvalet får fullmakt til å handsame søknadar.