Prosjekthuset og Trollvegg er godt i gong med moglegheisstudie for Hegni. Vi har fått mange gode innspel frå ulike lag og aktørar. Vi er i gong med  å setje saman og gruppere alle innspela  som har kome inn. Vi vil på temadagen for stadutvikling, som kommunen skipar til, informere om spenna av innspela,og gje ein status på arbeidet så langt.

Vi vil også halde ein open dag der Prosjekthuset og Trollvegg vil vere tilgjengelege for alle som måtte ønskje å få meir informasjon om muglegheitsstudien. Vi vil sitje i Geodomen på Hegni den 20. mai, frå kl 15.00 – 18.00.

Av smittevernomsyn er talet på personar som kan vere inne avgrensa til 5 om gonga. Meld dykk difor  gjerne på ved å sende e-post eller sms til Tone eller Kathrine.

Vel møtt!

Kontaktinformasjon:

Prosjekthuset – Tone Straume, tone@prosjekthuset.com, tlf 982 10 898
Trollvegg – Kathrine Hesthag, kathrine@trollvegg.no, tlf 919 08 072