Bykle kommune har etablert nærmiljøanlegg som t.d. små balløkker, område for skileik o.l., Slike anlegg er some stader inkludert i nærmiljøa til skulane, t.d. Bykle barne- og ungdomsskule.

Tur og løypenett: Bykle kommune har for innbyggjarar og turistar investert store beløp i sikring av areal og bygging av gangvegnett med fasilitetar for natur, trim og rekreasjonstilhøve. Tilrettelegginga har i hovudsak skjedd i tilknytning til sentrumsområda Bykle og Hovden. Dei siste åra har det også blitt satsa mykje for utviding av løypenettet på Hovden og i midt-regionen; t.d.  Hoslemoløypa og Løynings-/Åsaneløypa.

Bykle: Ljosløype, turløype med ljos rundt Jarekodden, gangsti til Heitjønn og badeplass ved Storetjønn og tilrettelegging av Ålmannavegen for ferdsel.

Hovden:   Turløypenett rundt sentrum, Hegni friluftsområde med aktivitetar på land, bade-/vassaktivitetar på Hartevatn, tur- og løypenett i Røyrvikåsen og Otrosåsen, Hovden Alpinsenter med heis til fjells sommar og vinter, turløypenettet sommarstid og fleire mil med preparerte skiløyper vinterstid.

Kommunen støttar også opp om den tilrettelegginga turistforeiningane driv innafor Bykle kommune. 

Det er viktig å halde snøscooterbruken på eit akseptabelt nivå i kommunen for å opretthalde heiområda som attraktive utfartsområde for skituristar.