Etter flaggheising både i Bykle og på Hovden og som ein ser av biletet 17. mai-tog ned frå Nos, samlar folk seg i og ved Hovden grendehus. Dagen gjennom går det i leikar og kulturprogram. Bykle kommune skal dele ut kulturpris, alt i god, gamaldags nasjonaldags-stil. Så er dagen først og fremst for dei yngste, men 17. mai har då alle lov til å vere born! Fleire glimt frå dagen kjem med det første.