Regjeringa orienterte den 8.april 2020 om nye føringar.

Utdrag frå det Regjeringa har bestemt at vil  gjelde framover;

  • Barnehagane opnar att frå 20. april og seinast 27. april
  • SFO  og 1.- 4. trinn i skulen opnar frå 27. april.
  • Barne og ungdomsskular (5.-10.trinn) og vidaregåande skular – tidpunkt for opning – ikkje fastsett.
  • Den nasjonale Hytteforskrifta er oppheva f.o.m. 20.april. Det vil ikkje lenger være straffbart å overnatte på hytta, men det er fortsatt ei nasjonal tilråding å unngå fritidsreiser.
  • Forbodet mot kultur- og idretts- og andre arrangement som ikkje ivaretek grunnleggjande krav til smittevern vil gjelde frem til 15. juni.
  • Idrettsaktiviteter kan gjennomførast når Helsedirektoratet sine tilrådingar om avstand og grupper blir følgd.
  • Kommunane blir pålagt å sørge for at dei som skal i karantene eller isolering kan opphalde seg på hotell eller annan stad anvist av kommunen.
  • Treningssentre, svømmehallar, badeland og liknande er stengt inntil vidare.
  • Det er ikkje tillate med besøk på sjukeheim og andre institusjonar for sårbare grupper.
  • Dei fleste serveringsstader vil vere stengt, med unntak av dei som serverer mat og kan overhalde regelen om minst to meter avstand mellom gjestene og dei som serverer, og ivaretek andre grunnleggjande krav til smittevern.
  • Ei rekke offentlige tenester held stengt, som passkontor, politiet si publikumsteneste, bibliotek etc.
  • Andre bransjar med ein-til-ein-kontakt, som frisørar og hudpleiarar, skal få bransjestandardar for smittevern. Verksemder som følgjer forskriftsfesta krav kan opne tidligast 27. april.