Det er sol og finver i vente og det er pårekneleg at vi blir fleire i tida framover. Bykle kommune etablerer ei vertsskapsgruppe i overgangen med oppheving av hytteforbod og gradvis normalisering og opning av nærings- og samfunnsliv.  Kommunen har no lagt seg på friviljug line og ansvaret for smittevern primært ligg til kvar og ein, inkludert verksemdene. Vi har ikkje lenger lokale restriksjonar utover dei nasjonale reglane for smitteførebygging/-vern.

Næringsliv og verksemder set sjølv i verk smitteverntiltak og vi har tru på at dette vil fungere etter intensjonane. 

Vertskapsgruppa er friviljuge som vil vere synlege i og rundt Hovden sentrum. Dei vil sjå til at smittevernet og hygienetiltaka fungerer som tenkt, dei vil kunne svare på spørsmål frå publikum, og medverke til at både gjester og fastbuande kjenner seg trygge.  Kriseleiinga held samtidig beredskapsfokuset oppe, og vil om naudsynt vurdere hastevedtak dersom smittebiletet endrar seg utover det som er medisinskfagleg forsvarleg.

Det er fortsatt et godt smittevernråd å redusere fritidsreiser for å unngå risiko for smittespreiing mellom stader. Reiser du til hytta utgjer det mindre fare for smittespreing, særleg om du stort sett er der saman med familie eller venner du allereie er i kontakt med heime. ( Sjå og eige oppslag om nasjonale reiseråd for innanlandsreiser gjeldande frå 21.april 2020)