Søkarar må i tillegg til å ha folkeregistrert adresse i kommunen gå på fulltidsstudie på vidaregåande, høgskule/universitet eller yrkesretta utdanning. Lærlingar med to års lærekontrakt kan få stipend det første av dei to åra. 

Fleire opplysningar på heimesida

Både vedtekter knytta til ordninga og ikkje minst elektronisk søknadsskjema er å finne på heimesida til Bykle kommune. Så er det lurt å passe på at ein lagrar når ein fyller ut skjemaet, så ein til slutt faktisk får sendt inn dei opplysningane ein skal. Søknadsfristen for stipend for første halvår er 1. oktober.