Tone er oppvaksen i Valle, med foreldre frå Bykle og Hylestad.  Ho tok veterinærutdanninga si i Brno, Tsjekkia og vart ferdig utdanna i 2016. Etter dette var ho innom Kristiansand Smådyrklinikk sommaren 2016 før ho vikarierte halvtanna år i vaktdistriktet Suldal og Sauda. Her arbeidde ho både med produksjonsdyr og smådyr og treivst veldig godt. Våren 2018 starta ho opp kontor på Bygland og har jobba der sidan då, men vore involvert i veterinærvakta i Kvinesdal/Sirdal/Flekkefjord.

«Interessa for dyr har eg alltid hatt! Elles er eg glad i å vere ute i skog og hei, sommar som vinter. Eg er gift og bur på garden Haugetveit i Åraksbø med mannen min og ei jente på 8 mnd. Her har vi to hundar, ein katt og eit fjos med mjølkeproduksjon.»

Kontaktinfo:
Mail: Tone.Haugetveit@valle.kommune.no
Mob: 92 81 99 39
Kontorstad: Øynevegen 4 i Valle
(same bygg som brannstasjonen).

Vaktordning i påska 2021
Fram til 1. april - Robstad og Mosdøl.
Torsdag 1.4. kl. 8.00 - laurdag 3.4. kl. 8.00. – Haugetveit
Laurdag 3.4. kl. 8.00 – måndag 5.4. kl. 8.00 -Robstad
Måndag 5.4. kl. 8.00 – tysdag 6.4. kl. 8.00 – Haugetveit.