56-åringen ser fram til arbeidet øvst i Setesdal. Med bakgrunn som førskulelærar, og med fartstid både som barnehagestyrar og rektor gjennom ei årrekke, har Vik stor tru på ei god utvikling for skule- og oppvekstsektoren.

- Inntrykket mitt er at her er det mange kompetente personar som arbeider i lag. Det må bli bra. Eg ser veldig fram til dette, seier han.

Vekependlar

Vik er busett med familien i Larvik, og baserer seg på vekependling.

- Eg har fått ein grei hybel i Bykle, og er nøgd med starten her oppe. Eg har alt treft mange trivelege menneske, og gler meg til å bli kjend med endå fleire. Bykle kommune er ein stad der ressursar og rammeverk legg til rette for gode tilhøve i skule- og oppvekstsektoren, og eg ser fram til å bidra saman med alle andre, seier Kjetil Vik.