Agder fylkeskommune lyser ut nye midlar til Bedriftsintern opplæring (BIO).

Verksemder som må føreta vesentleg endring av produksjon eller etablere seg på nye marknader, kan søke om støtte til bedriftsintern opplæring.

Ordninga er mynta på større omstillinger og opplæring av eigne tilsette for å unngå oppsigelsar.

Bedriftsintern opplæring (BIO) skal innehalde teori, eventuelt kombinert med praktisk trening.

Ev. støtte vil vere til opplæring som kjem i tillegg ordinære opplæring i verksemda.

Ein føreset at tilskott vil medverke til å oppretthalde og styrke kompetansen hos dei tilsette.

Samla støttebeløp er maksimalt 200 000 kroner.

Fullstendig informasjon om ordninga / utlysninga er tilgjengeleg både på Agder fylkeskommune si nettside og i søknadsportalen; Regionalforvaltning.no.

Agder fylkeskommune: https://agderfk.no/vare-tjenester/naring-forskning-og-utvikling/sok-stotte/tilskudd-til-bedriftsintern-opplaring/

Regionalforvaltning: https://www.regionalforvaltning.no/Startside/Velkommen.aspx?Ordning_Id=1633&Cookie=0

Søknadsfrist: fredag 8. mai.

Maksimalt støttebeløp:kr 200 000.

Rask søknadshandsaming og tildeling - slik at tiltaka kjem i gong.