Det er no sett opp nye datoar for når "Passbilen" kjem til Valle, slik at det blir mogleg å bestille Pass og ID-kort lokalt. Det er fint om også kommunen gjennom sine kanalar informerer innbyggjarane om dette. Tilbodet er vesentleg utvida i forhold til sist, slik at det no er tilgjengelig timar fordelt på to dagar i slengen.

Det er då slik at innbyggjarane må gå inn på www.politiet.no og bestille time sjølve. Om det er nokon som ikkje får til dette kan dei ta kontakt med oss på lensmannskontoret, så skal vi prøve å hjelpe til med å bestille.

Passbilen kjem til Valle og Bykle politistasjon 15. og 16. februar 2022 og 3. og 4. mai 2022, det er no opna for å bestille time på desse datoane.

I tillegg er passbilen ved Bygland, Evje og Hornnes politistasjon 17. og 18. februar samt 5. og 6. mai.

I Vinje er passbilen ved Vinje Politistasjon 11. og 14. februar og 29. april og 2. mai.

Ein kan også bestille timar der om det er ledige timar.