www.bykle.kommune.no

Nye forfallsdatoar for betaling av kommunale avgifter

Faktura .jpgBykle kommune har vedteke å gå frå 2 til 6 terminar for betaling av dei kommunale avgiftene.

Tidlegare hadde dei kommunale avgiftene forfall 1.mars og 1. oktober. Nye forfallsdatoar frå 2019 er 1.februar, 1. april, 1. juni, 1 august, 1. oktober og 1. desember.

Dei som har spørsmål vedkommande endringa, kan ta kontakt med informasjonen i kommunen på 37 93 85 00 eller  informasjonen@bykle.kommune.no

Publisert | Oppdatert 02. januar 2019