Karantene 
 
• All innreisande til Noreg som kjem frå land og områder med høg eller særleg høg smitte ("raude" eller "grå" land) skal i karantene i 10 døgn. 
• Innreiseande frå andre land skal bu på karantenehotell i karanteneperioden. Informasjon om karantenehotell mottek du av politiet på grenseovergangar og innkomstpunkter til Noreg. 
• Følgjande innreisande skal ikkje bu på karantenehotell: 
          - Personar som busette i eller som eig bustad i Noreg 
          - Personar som er arbeidsreisande med arbeids- eller oppdragsgivar som sørgjer for eigna opphaldsstad med einerom. 
 
• Innreisande skal reise rett i karantene og ha munnbindet på til innkomst på karantenestad. 
• Heile karantenen på 10 døgn må gjennomførast, sjølv om du testar negativt. Det er tilbod om gratis covid-19 test på karantenehotellet. 
 
Slik gjennomfører du karantene 
 
• Personar i innreisekarantene kan berre opphalde seg utanfor opphaldsstaden dersom dei kan unngå nærkontakt med andre enn dei dei bur saman med. 
• Dei som er i karantene, kan ikkje vere på ein arbeidsplass der også andre oppheld seg, på skule eller i barnehage. 
• Det er ikkje tillate å bruke offentleg transport, bortsett frå til og frå flyplass, hamn eller liknande innkoststed i samband med inn- og utreise. 
• Sjå meir informasjon om karantene på Helsenorge.no./koronavirus 
 
 
Attest på negativ covid-19 prøve:
• Utanlandske statsborgarar som kjem til Noreg frå eit område med karanteneplikt må presentere ein attest på negativ koronatest. Attesten kan ikkje vere datert meir enn 72 timar tilbake, for at du skal sleppe inn i Noreg. 
• Attesten skal vere skriven på norsk, svensk, dansk, engelsk, fransk eller tysk. 
• Attesten må presentere godkjent testmetode - PCR eller antigen hurtigtest (antistofftest er ikkje godkjent)
 
 
Reisande som har vore i Danmark 
 
• Reisande som kjem frå Danmark bør teste seg på nytt ved innkomst til Noreg og informere kommunen dei skal opphalde seg i om at dei har vore i Danmark. 
 
Testsenter og symptom 
 
• Vi oppmodar alle som kjem til Noreg om å teste seg. 
• Det er testsenter på flyplassar, ferjekaiar og grenseovergangar som tilbyr gratis testing. 
• Personar som blir sjuke skal isolere seg og kontakte lege.