Lurar du på om du må teste deg? - sjekk kva som gjelder for deg - FHI flytskjema - FHI testing og isolasjon



Testing, smitte og isolasjon

• Isoleringstida for deg som er smitta er no fire døgn.
• Du som er smitta, kan avslutte isoleringa etter fire døgn, dersom du har vore feberfri i minst 24 timar.
• Husstandsmedlemmar og tilsvarande nære ein som er smitta har ikkje lengre plikt til å vere i smittekarantene  
• Regjeringa anbefaler at du som bur saman med eller er tilsvarande nær ein som er smitta, tar ein sjølvtest kvar dag i fem dagar etter siste nærkontakt med den som er smitta. 
• Viss du ikkje kan halde avstand til den som er smitta, anbefaler regjeringa at du testar deg kvar dag i isoleringsperioden og i tillegg fem dagar etter dette - til saman i ni dagar.
• Utover dette er det berre dei som har symptom som bør teste seg.
• Regjeringa anbefaler at husstandsmedlemmar og tilsvarande nære til ein som er smitta brukar munnbind innandørs på offentlege stader. Du bør  unngå store samankomster og arrangement i 10 døgn etter siste nærkontakt.
• I tillegg bør du følgje med på symptom under heile testperioden. Dersom du får symptom, bør du halde deg heime og ta ein sjølvtest.
• Barn i grunnskulealder eller yngre treng berre test ved symptom. Det gjeld òg når det er smitte i husstanden.

Smittesporing

• Dersom du er smitta, bør du sjølv informere nærkontaktane dine. Kommunen kan hjelpe deg ved behov.
• Du bør registrere positiv sjølvtest hos kommunen.
• Regjeringa anbefaler at du òg registrerer positiv test i appen Smittestopp.
 

Munnbind

• Det er påbode å bruke munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand til andre i butikkar, på kjøpesenter, på serveringsstadar, på kollektivtransport, i taxi og på innandørs stasjonsområde. 
• Det er ikkje krav til munnbind medan ein sit ved eit bord på serveringsstad eller på arrangement medan ein sit på ein fast tilvist plass.
 

Barnehagar, skular og skulefritidsordningar 

• Det er framleis krav om smittevernfaglig forsvarleg drift.
• Det betyr i praksis at skular og barnehagar går til grønt nivå.
 

Organisert idrett og fritidsaktivitetar

• All organisert idrett og fritidsaktivitetar kan gjennomførast som normalt. 
 

Arbeidsliv

• Regjeringa anbefaler at folk held 1 meter avstand til kvarandre
• Regjeringa anbefaler at arbeidsgjevar sjølv vurderer kor mykje bruk av heimekontor som er riktig for den enkelte arbeidsplassen. Ved ei slik vurdering bør arbeidsgjevar legge vekt på risiko for smitte på arbeidsplassen og kor sårbar verksemda er for eit høgt, samtidig sjukefråvær.
• Arbeidsgjevar bør ta omsyn til at det er mogleg å halde avstand på arbeidsplassen.
 

Serveringsstader

• Det er ikkje lenger skjenkestopp for serveringsstader
• Det er heller ikkje krav om bordservering
• Serveringsstader skal legge til rette for at alle kan halde 1 meter avstand til andre enn husstandsmedlemmar og tilsvarande nære.
• Serveringsstader skal ikkje gjennomføre aktivitetar som naturleg inneber mindre avstand mellom gjestane enn 1 meter, til dømes dansing.
 

Arrangement og samankomstar

• Det er ingen avgrensingar på kor mange gjestar du kan ha heime, eller tal på deltakarar på private eller offentlege samankomstar. 
• Det er framleis krav om smittvernfagleg forsvarleg drift (sjå under)
• 1-meterkravet gjeld ikkje for personar som sit på faste tilviste plassar. 
• Det betyr at det er mogleg å fylle alle plassane i ein sal når alle i publikum sit på ein tilvist plass.
 

Avstand og sosial kontakt

• Anbefalinga om 1 meter avstand til andre enn hustandsmedlemmar gjeld framleis.
• Anbefalinga om 1 meter avstand gjeld ikkje for barn i barnehage og på barneskule
• Anbefalinga om avstand gjeld ikkje for vaksne som arbeider med barn, unge og sårbare grupper.
• Regjeringa anbefaler framleis å bruke munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand til andre. 
 

Smittevernfagleg forsvarleg drift

• Smittevernfagleg forsvarleg drift betyr at verksemda skal sørge for at det er mogleg å halde minst 1 meter avstand til personar som ikkje er i same husstand eller tilsvarande nære.
• Verksemda må ha rutinar for god hygiene, godt reinhald og lufting.
• Desse verksemdene skal drivast smittevernfagleg forsvarleg for å kunne halde ope: Bibliotek, museum, bingohallar, bowlinghallar, svømmehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssenter, kjøpesenter, butikkar, varemesser, kortvarige marknader, underhaldningsparkar, leikeland, spelehallar og liknande.