Folkehelseinstituttet har endra retningslinene for når tilsette/skuleelever kan gå tilbake på arbeid/skule ved luftvegsinfeksjon.  

Når du har akutt luftvegsinfeksjon: Ein rår til at at alle som har nyoppståtte luftvegssymptom som ikkje har kjent årsak, blir testa og held seg heime til ein har fått svar. Vi har god testkapasitet, og det er ein fordel å få tatt prøva tidleg på dagen, grunna den daglege transport av prøver til laboratorium i byen. Ved negativ test kan du gå tilbake på jobb/skule når du er i god allmenntilstand  - det vil seie at du følar deg frisk og er feberfri, sjølv om du fortsatt har noen symptom på luftvegsinfeksjon. Kunnskapen vi har så langt tyder på at ein er mest smittsam dagane rundt sjukdomsstart og at ein raskt blir mindre smittsam når symptoma er borte.