I sist nummer av Kommunal Rapport kjem det fram at barnehagane i Bykle er i godt selskap på Kommunebarometeret. I ei undersøking som mellom anna tar for seg talet på tilsette i høve born, kor godt pedagogisk belegg barnehagane har og ikkje minst leike- og opphaldsareal for kvart born gjer Bykle kommune det godt.

Mellombelse resultat

Kommunebarometeret er ikkje offentleggjort med endelege resultat enno. Ei liste over dei kommunane som gjer det best har likevel blitt publisert. Det er ikkje intern rangering i den mellombelse lista - der Bykle kommune altså er med. Nok ei fjøyr i hatten for alle som har med barnehagar i Bykle kommune å gjere altså!

151 nøkkeltal

Kommunebarometeret er ei måling som blir publisert i Kommunal Rapport kvart år. I barometeret blir kommunane i landet rangert etter 151 utvalte nøkkeltal. Tala blir henta frå offentlege statistikkbankar og fordelt på 12 sektorar.