Det er konstatert eitt nytt positivt tilfelle av koronasmitte i Bykle kommune.  

Tilfellet er knytt til Hovdestøylen hotell / Hovden Resort.

I samarbeid med verksemda er smittesporing i gang og tilsette testa i føremiddag. – Det ligg førebels ikkje svar på desse prøvene.

Bykle kommune og Hovdestøylen / Hovden Resort samarbeider tett om å avgrense smitte og sikre smittesporing.  Smittesporinga går 14 dagar tilbake i tid.

Kjente gjester (overnatting) blir fortløpande kontakta frå Hovdestøylen. Andre gjester blir oppmoda om framleis å ha stor overvakenheit. Dersom ein merker symptom – ta kontakt med lokal helseteneste der du er for ev. testing og generelt å ivareta sosial distansering, god handhygiene m.v.

Hovden legekontor vil ha telefonvakt, tlf. 37938680, for lokal testing og koronarelaterte henvendingar i helga; fredag fram til kl 20,  laurdag 9-15 laurdag, og sundag kl 9-15.

Det er laga meir informasjon til gjester og tilsette - som du finn her.