I samsvar med plan- og bygningslova § 11-14 blir kommunedelplan for Hovden Aust lagd ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs handsaming i Kommunestyret 28.01.2021, sak 4/21.

Oprinneleg var føremålet med planarbeidet å utarbeide ein overordna kommunedelplan som skulle gi klare føringar for vidare utvikling for heile Hovden Aust, d.v.s. området på sørsida av Rv9, det som er omfatta av «gamle Hovden aust-planen» og nytt utbyggingsområde BFR 26, som kom inn i kommuneplanen i 2019. Planområdet er i løpet av prosessen redusert og omfattar ikkje det nye felt BFR26. Det langsiktige målet med planen er framleis å legge til rette for ei berekraftig utvikling i området som balanserer omsynet til verdiar som landskap, naturmangfald, kulturminne, friluftsinteresse og vasshushaldning og vidare utbygging av området for fritidsbustadar.

Merknader til planarbeidet sendast Bykle kommune, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle eller på e-post: postmottak@bykle.kommune.no. Merknader merkast saksnummer: 2019/153.

Merknader må sendast kommunen innan 31. mars.

Spørmål? Kontakt sakshandsamar Anne S. Lislevand – e-post: anne.lislevand@bykle.kommune.no