I samsvar med plan- og bygningslova § 11-14 blir kommunedelplan for trafikksikringsplan Bykle kommune 2021-2025 lagd ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs handsaming i Kommunestyret 29.06.2021, sak 74/21.

Føremålet med ein kommunedelplan for trafikksikring er å leggje grunnlag for målretta og systematisk trafikksikringsarbeid i Bykle kommune, i tråd med dei sentrale føringar for trafikksikringsarbeid og Nullvisjonen. Dette er ein visjon om ingen drepne eller hardt skada i vegtrafikken, som Stortinget vedtok i 2002. Målet er:

  • Utarbeide ein handlings- og tiltaksplan for perioden 2021-2025
  • Ivareta trafikksikring i kommunen si planlegging og utvikling
  • Skape bevisstheit og fremme gode haldningsskapande tiltak i kommunen

Merknader til planarbeidet sendast Bykle kommune, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle eller på e-post: postmottak@bykle.kommune.no. Merknader merkast saksnummer: 2020/625.

Merknader må sendast kommunen innan 1. september.