Urevassvegen blei bygd i samanheng med utbygging av Skarje pumpestasjon, regulering av Reinevatn og Urevatn. Vegen er eigd av Otra Kraft og Otteraaens Brugseierforening. Vegen er ca. 30 km lang høgfjellsveg og store delar ligg i SVR-verneområde. Urevassvegen blir brukt av grunneigarar, regulant, oppsyn og brukarar av statsallmenningen ved Urevatn. Det er i tillegg ein omfattande bruk av vegen til turbruk. Av omsyn til villreininteressene søkjer no Otteraaens Brugseierforening om å innføre ferdselsrestriksjonar på vegen. 

Vedtak knyta til bruken av anleggsvegen til Store Urevatn (Urevassvegen) er heimla i kgl. res. 15. november 1974 post 10 og 17. NVE er tilsynsstyresmakt for vasskraftanlegg med konsesjon etter vassdragslovgivinga. 

Eventuelle innspel til forslaget sendast elektronisk til nve@nve.no med kopi til joae@nve.no innan 6. juli 2020.

Som ein del av NVE si handsaming blir uttale eller delar av desse refererte i utgåande brev. Dersom uttalen er lang, er det ein fordel om det blir utarbeidt eit samandrag som kan brukast til saksframstillinga vår. Av same grunn er det ønskjeleg å få teksten elektronisk.