Setesdal Bilruter runda 100 år i 2020, og til kulturkaféen kjem Leonhard Jansen frå Setesdalsmuseet for å kåsere med utgangspunkt i boka han har skrive om 100-åringen. Han har kalla bilruta livsnerva gjennom dalen, og slår fast at den dagen i 1920 då den første rutebilen henta det første varelasset ved dampbåtbryggja på Ose, ja då var det starten på ei ny tid.

Kjøttsuppe

I tillegg til kåseri om bilruta blir det råd å få kjøpt kjøttsuppe og flatbrød. Den delen av kulturkaféen er det Signe Bitubekk som tar seg av.