Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Områdeplan Hovdensentrum

Områdeplan Hovdensentrum

Områdeplan Hovden sentrum - revidert melding om oppstart av planarbeid.

Revidert melding syner utvida planområde.
I medhald av Plan- og bygningslovas §§ 12-2 og 12-8 varslast det herved oppstart av områderegulering for Hovden sentrum. Planområdet går fram av vedlagt kartutsnitt.

Planarbeidet tek utgangspunk i vedtatt kommunedelplan for Hovden.  Føremålet med planarbeidet er å avklare og detaljere:
‹ Infrastruktur, inklusive Riksvei 9 lagt utafor sentrum
‹ Trafikkløysing, trafikksikring og parkering i sentrum
‹ Plassering og utforming av bustader, fritidsbustader, næring, aktivitetsanlegg og grøntstruktur for å kunne utvikle og gjere Hovden til ei attraktiv bygd og turiststad.

Kommunen inviterar allereie no grunneigarar og andre til å kome med innspel og merknader til planprogram og områdeplanlegginga. 

Innspel og merknader sendast til Bykle kommune, Bykle rådhus, 4754 Bykle eller til postmottak@bykle.kommune.no  innan 13. oktober 2014.
Innspel merkast med "Planprogram og områdeplan Hovden sentrum".  

Grunneigarar og rettighetshavarar i og i tilknytning til planområdet blir tilskreve.  Det vil bli varsla folkemøte i november 2014.

Du ser heile varselet her


Med helsing
Bykle kommune
Kay Christian Jørgensen

Kontaktinformasjon

Bykle kommune
postmottak@bykle.kommune.no
T: 37938500

Områdeplan Hovdensentrum
Områdeplan Hovdensentrum
Publisert | Oppdatert 12. september 2014