Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Områdeplan Hovden sentrum

Områdeplan Hovden sentrum

Melding om oppstart av planarbeid

Viser til Plan- og bygningslova §§ 12-2 og 12-8 og varslar med dette oppstart av områderegulering for Hovden sentrum.  Planområdet vises på kartutsnittet.

Bykle kommune har vedteke å utarbeide områdeplan for Hovden sentrum. Planarbeidet blir basert på vedteken kommunedelplan for Hovden. Målet med planarbeidet er å avklare samt detaljere:
• Infrastruktur, inklusive Riksveg 9 lagt utanfor sentrum
• Trafikkløysing, trafikksikring og parkering i sentrum
• Plassering og utforming av bustader, fritidsbustader, næring og aktivitetsanlegg og grønnstruktur for å kunne utvikle og gjere Hovden til ein attraktiv bustad og turistdestinasjon.

Planarbeidet utløyser ikkje krav om konsekvensutredning.

Bykle kommune vil ved oppstart av planarbeidet utarbeide eit planprogram som styringsdokument i planlegginga. Planprogrammet skal avklare rammene rundt visjon, intensjon, plangrunnlag, analyser og medvirkning ved planutarbeiding. Kommunen oppmodar alt no grunneigarar og andre til å kome med innspel og merknadar til planprogram og områdeplanlegging.

Innspel og merknader kan sendast til

Bykle kommune, Bykle rådhus, 4754 Bykle eller til postmottak@bykle.kommune.no innan 22. august 2014.
Innspel merkast med "planprogram og områdeplan Hovden".

Planprogrammet vert rekna og vedteke i oktober/november 2014. Grunneigarar og rettighetshavarar i og i tilknytning til planområdet blir kontakta. Det vil bli annonsert folkemøte i november 2014.






 

Kontaktinformasjon

Bykle kommune
T: 37938500
postmottak@bykle.kommune.no
 

Områdeplan Hovden sentrum
Tips ein ven Skriv ut
Publisert | Oppdatert 12. september 2014