Kommunestyret i Bykle har vedteke oppstart av planarbeid for å sikre heilskapleg og langsiktig arealdisponering i Hovden Aust. Planarbeidet skal ivareta og avvege ulike omsyn, og danne premissane for vidare utvikling av løyper/infrastruktur og byggeføremål m.a.

Det er fastsett eit planprogram for planprosessen som vi vil orientere om.

Planarbeidet skal omhandle utbygging og fortetting av ulike typar fritidsbustader, teknisk  infrastruktur med vegar, vatn- og avløp m.v, biologisk mangfald, landskap og estetikk, miljø, myrer og hydrologi, tilrettelegging for friluftsliv og idrett, ivaretaking av kulturlandskap - /minne mv.

Samstundes ønskjer vi tidleg dialog og innspel til kva interesser som ein bør ha særleg merksemd på og kva omsyn ulike interessentar er opptekne av i Hovden Aust.  Korleis legg vi til rette for berekraftig områdeutvikling? Betre infrastruktur? Fortetting? Nye fritidsbustader – kva type treng Hovden? Er det viktig å ta vare på kulturminne, landskap, myrer, dyreliv? Betre tilrettelegging for løype, turgåing, sykling eller andre fritidsaktivitetar?

Bykle kommune informerer, og vil lytte til innspel, idear og svare på spørsmål.

Kom og fortel kva du tykkjer er viktig!

Velkomne!

Hans Blattmann
Planutvalsleiar