Som dykk ser på nyheitene er det aukande antal smitta nasjonalt og stort trykk på sjukehusa, spesielt i aust og nord. I Valle og Bykle har vi berre hatt sporadiske smittetilfeller gjennom hausten og vi har førebels god kontroll. 

 Dei to viktigaste tiltaka hos oss no er:

 * at befolkninga over 65 år, og dessutan helsepersonell, får ein tredje dose snarast mogleg 

* at folk held seg heime når dei er sjuke! Både frå barnehage, skule og jobb. Ha låg terskel for covidtest

 Foreløpig er det ikkje aktuelt med påbod om munnbind eller avstand, men regjeringa anbefaler at ein ikkje handhelser meir. 

 Når det gjeld arrangement, er det enno ikkje anbefalt avgrensingar. Vi oppfordrar sjølvsagt til at ein er nøye på smittevern, som handvask og handsprit. Og at ein sjølvsagt ikkje går ut på arrangement, dersom ein har symptom. 

 Dei som kan sitja på heimekontor utan at det får faglege eller psykososiale avgrensingar, bør oppfordrast til det. Dette blir opp til kvar enkelt verksemd å bestemme. 

 Det er ikkje aktuelt å innføre coronapass i kommunen førebels - sidan dette førebels berre kan brukast til å gje lettingar frå tiltak - og vi har ingen slike tiltak per dags dato. 

 Ved spørsmål, er befolkninga alltid velkomne til å ta kontakt!

Helsing frå
Benedicte Severinsen 
Kommuneoverlege Valle og Bykle
kommuneoverlege@bykle.kommune.no