Kriseleiinga konstaterer at koronasituasjonen både nasjonalt og lokalt i Bykle heldigvis er oversiktleg og roleg p.t.

Ny nasjonal strategi er auka testing, smitteoppsporing, karantene og isolering. Bykle kommune har difor auka testkapasiteten, og kan teste inntil 5% av befolkninga i løpet av ei uke. Målsettinga er å kunne slå ned eit utbrot tidleg for å hindre stor smittespreiing i lokalsamfunnet. Stad for meir testing er etablert i Bykle. Arbeidet med interkommunalt mottak for utskrivingsklare Covid-19-pasienter  er under arbeid.

Lokale råd som gjeld framover:

  • Vi ønskjer ei gradvis opning av rådhuset. Heimekontor skal i størst mogleg grad framleis nyttast (utanom dei som har fått klarering på å nytte eige kontor tidlegare.). Tenesteleiarane blir oppmoda til å avgrense fysisk kontakt mellom medarbeidarane, dersom dette er mogleg.
  • Møte er  framleis ei utfordring. Den smittevernfaglege tilrådinga står ved lag. Politiske møte bør så langt som råd vere avgrensa, og ev må avstand- og hygienekrava verte overhalde strengt. Personar i risikogrupper og samfunnskritiske funksjonar bør ikkje møte, og dei som ønskjer å delta digitalt skal ha høve til det. Administrasjonen bør tilsvarande skjerme tilsette for å unngå ev. klyngesmitte, ved at dei som skal legge fram saker, kan gjere det digital.