På vegne av Hoslemo Eigedom AS startar Asplan Viak opp arbeid med privat forslag til detaljregulering for Kotetjønnkollen og Langhaugen jf. plan- og bygningsloven §§ 12-3 og § 12-8. Det varslast også om oppstart av forhandlingar om utbyggingsavtale etter § 17-4.

Formålet med planen er å etablere eit nytt område for hyttebygging i tråd med kommuneplanen og reguleringsplan for Midtregionen. Planen skal legge opp til hyttefortetting innanfor dei tidlegare regulerte områda innanfor planavgrensinga.

I Kommuneplan for Bykle (2018-2030) er området satt av til fritidsbebyggelse. Området er videre regulert til fritidsbebyggelse i reguleringsplan for Midtregionen (2007).

Innspel til planarbeidet kan sendes til:

Asplan Viak AS/v Plan
Vestre Strandgate 27
4611 Kristiansand
Eirik.Sand@Asplanviak.no

innan torsdag 14.1.2021.

Dersom planen vil ha innverknad for eventuelle leigetakarar, ber vi deg informere disse.