Det er kommunen som er planmyndigheit og som må taka stilling til om planarbeid kan starta opp (ref plan- og bygningslovas § 12-8). Dei som ynskjer å starta planarbeid må sende inn ein førespurnad om dette til kommunen saman med eit planinitiativ. 
Kravet til kva eit planinitiativ skal innehalde kjem fram av ny forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering som gjeld frå 1/1-2018: Ny forskrift
Kommunen tek stilling til om planarbeidet kan starta opp, og innkallar til eit formelt oppstartsmøte i tråd med føresegn § 12-8 i plan- og bygningslova og §§ 2 og 3 i forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering. 

Sakshandsaming av detaljreguleringsplanar er gebyrbelagt og satsane finn du i prislista for 2019  

 

Forespørsel om oppstart / krav til innsending av materiale. 


Karl Andreas Johannessen - arealplanlegger

M +4748141284 | E karl.andreas.johannessen@bykle.kommune.no

 

 

Mindre reguleringsendring:

Dersom du ønskjer å søke om løyve til tiltak som er i motstrid med reguleringsføresegnene eller plankartet innafor ein bestemt reguleringsplan, må ein vurdere om det er aktuelt å søkje om mindre reguleringsendring også.  Mal for slik søknad finn du i dokumentsamlinga under.