I samsvar med Plan- og bygningslova § 12 – 8 vert det med dette varsla oppstart av privat regulerings-planarbeid for del av gnr. 3, bnr. 18 i Bykle kommune. Planområdet er del av Nordliplanen av 2008, planid 200712.

Føremålet med planen er å endre på tilkomsten til Maurli og den nordaustlege delen av hyttefeltet grunna vanskeleg køyretilhøve på vinterføre. I samband med dette kan det verte aktuelt å vurdere innpassing av 4-5 nye hyttetomter.

Planområdet er avgrensa som vist på vedlagde kartskisse.

I kommunedelplanen er området avsett til utbyggingsområde. Gjeldande detaljregulering syner området som LNF-l, bygge- og vegføremål.

Spørsmål om KU: Delar av planområdet er i NVE sitt varsemd-kart markert som rasfarleg. Det er utarbeidd ein rapport om temaet og vurderinga konkluderer med at området kan byggjast på under føresetnad av at eit nærare oppgjeve skogsareal vert sikra mot snauhogts ved bandlegging i ein detaljplan. Andre tilhøve skal avklarast i under planprosessen og omtala i plandokumentet.

Utbyggar ønskjer med dette varsel innspel til planprosessen. På bakgrunn av innspela vil det verte vurdert å fremme ny detaljregulering for området.

På same tid vert det varsla oppstart av forhandlingar om utbyggingsavtale, jfr. Pbl. § 17-1.

Innspel skal sendast post@plankontoret.no innan 18. okt. 2020.