Bakgrunnen for at han vart vald som ordførar midt i ein kommunestyreperiode er at tidlegare ordførar Jon Rolf Næss søkte om og fekk fritak frå vervet ut perioden grunna ny jobb.
Frå banknæringa
Jan Dagfinn Dalen er opphaveleg frå Røldal, men har budd i Bykle kommune i 34 år. Like lenge har 62-åringen vore tilsett i Sparebanken Sør, der han har vore banksjef i avdelinga i Bykle kommune. No har han altså inntatt ordførarstolen for Ap.
- Eg er ordførar for alle. Bygdefolk og hyttefolk, saman skal me utvikle kommunen vidare, seier han.