Mellombels forskrift smitteverntiltak for Bykle kommune
Frå 19.02 kl 16:00 til 07.03 kl 24:00 er det påbod om å bruke munnbind i følgjande høve:
Når det ikkje er mogeleg å halde minst ein meter avstand, ut over kortvarige passeringar til andre enn dei i eigen husstand, skal det nyttast munnbind. Dette gjeld i butikkar, på serveringsstader, i tru- og livssynsbaserte lokale, i andre fellesområde innandørs, som Hovdetun og Fjellgardstun, i lokale for kultur-, sport-, og fritidsaktivitetar. Plikta til bruk av munnbind gjeld ikkje dei som utøver fysisk aktivitet.
For kollektivreisande, i buss, taxi/taxibuss, skibuss og skulebuss gjeld det same.
Plikta til å bruke munnbind i fyrste ledd gjeld tilsvarande for tilsette på stader der det ikkje er mogeleg å halde minst ein meter avstand frå gjestane, jf. fyrste ledd. Dette gjeld ikkje for stader der det er sett i verk andre smitteverntiltak for dei tilsette, som bruk av visir, skiljeveggar o.l.
Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske grunnar eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind. Dette er i tråd med Folkehelseinstituttet sine tilrådingar om bruk av munnbind.
Munnbind skal takast på før ein går inn på stader nemnd i fyrste og andre ledd.
Plikt til bruk av munnbind gjeld innandørs.
Det blir tilrådd på det sterkaste at munnbind også nyttast utandørs der det kan bli opphoping av menneske, i køar utanfor serveringsstader, taxikø o.l. der regelen om ein meter ikkje kan haldast.
Sjå òg helsedirektoratets anbefalingar for vinterferien
Alle bør avgrense antall personer man har kontakt med - møt gjerne venner ute