I dag hadde vi gleda av å helse på Gisle Bonna Espedalen som er ny rektor på Fjellgardane. Han kjem til kommunen frå stilling som oppvekstsjef i Midt-Telemark. Rønnaug Torvik er nestoren i laget, ho held fram som rektor på Bykle barne og ungdomsskule utover hausten medan ny rektor Lars Erik Domaas gjer seg klar til å ta over etterkvart. Tre dedikerte fagpersonar og tenesteleiarar som vil gjere sitt beste for at barn og unge skal ha ha eit godt læringsmiljø og at dei tilsette trivst.