Rønnaug, som opphaveleg kjem frå Gvarv i Telemark, byrja som lærar i barneskulen i Bykle i august 1981. Der var ho i sving i fleire år og som klassekontakt for fleire årskull, mellom anna hadde ho ansvar for all musikkundervisning på skulen.

- I 1987 reiste eg til Oslo og tok logopedutdanning. Då vart eg rusta med tanke på arbeid med tale opp mot alt frå dysleksi til afasi, seier ho.

I åra etter var ho tilknytta skulen i Bykle som både lærar og etter kvart inspektør. Ho var også rettleiar i spesialpedagogikk i heile kommunen, det vil seie både skulane og barnehagane, frå 1988 og like til 2009.

Vart rektor

I løpet av åra i Bykle var ho rektor på Fjellgardane skule som ei mellombels løysing i eitt år, men i 2009 vart ho tilsett i fast stilling som rektor ved Bykle barne- og ungdomsskule.

- Den stillinga var eg i fram til like før jol i 2021. Då gjekk vegen til rektorstillinga på Fjellgardane skule, seier ho.

Det skulle bare vere ei mellombels stilling, men vart likevel fram til i dag. No, med ny rektor på plass, kan Rønnaug endeleg pensjonere seg.

- Fekk stadig nye utfordringar

Rønnaug Torvik kyter av Bykle kommune som arbeidsgjevar.

- Det har vore ein god kommune å arbeide i. Ein har fått sjansen til å utvikle seg, og ein har fått nye utfordringar. Det trur eg er viktig for alle, smiler ho.

Pensjonistlivet ser ho ljost på.

- No blir det skigåing, og så skal eg saume dalebukse, så lediggang skal det bli lite av, seier Rønnaug Torvik.