Sidan 1.juni i år har Petra Marie Trydal arbeida i økonomi- og personalavdelingane, så heilt nytilsett er ho nok ikkje. Ho er utdanna økonom frå Ås, den gong UMB, no NMBU - har tidligare vore prosjektsekretær i Brokke Nord og Sør og arbeida som rekneskapsførar i Merkantil Service. Ho skal ta over arbeidet med løn i kommunen for Ingebjørg, som pensjonerar seg no om få dagar. Petra Marie skal òg arbeide med fakturering. Vi er glad for å få Petra Marie med på laget.