Ørnefjell golfbane
Hovden golfklubb blei stifta september 2000 og Ørnefjell Golfbane blei åpna i 2003. Den har 9 hol samt ein driving range på 175 meter. Banens par er 68 med eitt par 5 hol på 445 meter, tre par 3 hol og frem par 4 hol. Ørnefjell golfbane er drifta på dugnad og er eigd av Hovden Golfklubb.  

Sesongen 2012 vart banen utvida med 9 nye utslagsstader slik at den fungerer som ein 18 hols golfbane. Banens klubbhus er ope i fellesferien og i weekends. Ellers er det sjølvbetening for spel her. Klubben har ca 180 medlemmer.  

Golftilbodet har stor betydning for bufaste i kommunen, for hyttefolk og tilreisande golfarar.  At vi har ein slik bane i vår kommune er klart med på å styrke og auke interessa for Bykle som ein betydeleg heilårs destinasjon.

Hovden Alpinsenter                                  
Hovden har eit særs godt utvikla alpinanlegg, der eigarane gjer kontinuerlege betringar. Dette anlegget har i fylket sin idrettsplan fått status som fylkesanlegg utan økonomisk støtte.

Skianlegget har totalt 32 løyper, 3 heisar og 5 skitrekk fordelt på tre område. Anlegget inneheld eit familievennleg barneområde, utfordrande løyper og ein av Noregs beste terrengparkar. Den totale løypelengda er 34,4 km og den maksimale fallhøgda er 420 meter.