Tilskipinga er eit privat initiativ med Bykle kommune som medarrangør. Både Bykle musikkorps og Bykle barnekor er med, og det blir allsong med gode joleklassikarar! I tillegg kjem Bykle sin eigen Vetle Tveiten Hoslemo med sine flotte musikalske innsmett.

Kanskje kjem nissen?

Under samankomsten kan ein få kjøpt seg brus, kake og kaffi. 

- Så kan det vere at sjølvaste jolenissen kjem, det må ein møte opp for å finne ut av. Arrangementet er ope for alle, seier Petra Marie Trydal.