Mål for dagen:

  • Få sett stadutvikling i Bykle kommunen på dagsorden. Auke kunnskapen om utfordringane, potensialet og mulegheitene. Inspirere til vidare arbeid med tilrettelegging for god stadutvikling.

Ønska resultat/Føremål:

  • Søkje å få ei felles forståing av problemstillingane og utfordringane.
  • Auke kunnskapsgrunnlaget for drøftingar av saker som strategisk næringsplan, stadutviklingsprosjekt som Hegni og Bykle, i prosess med overordna planar som kommuneplanen, og i prosjekt med berekraftig samfunnsutvikling.
  • Bidrage til at politikarane får betre grunnlag for å gjere vedtak som sikrar god stadutvikling framover.
  • Bidrage til  vidare arbeid med tema som legg til rette for innovasjon, idear om tiltak og synergiar.

Program

Stad/dato: Torsdag 20. mai  – Digitalt på teams

Tema: Stadutvikling Bykle kommune, med hovudfokus på lokal verdiskaping og berekraft, samt stadutvikling med destinasjons- og attraksjonsbygging. Fokus på  prosessar med Bykle og Hegni på Hovden.

Målgruppe: Hovudmålgruppa er politikarane i Bykle kommune; kommunestyret og planutval, samt andre hovudutval og råd. I tillegg  blir næringsliv og andre lag/organisasjonar invitert som har interesse av stadutvikling.

Teknisk opplegg: Digital deltaking på teams. Temadagen blir tatt opp og lagt ut på kommunen si heimeside i ettertid.

Arrangør: Bykle kommune i samarbeid med Agder fylkeskommune og Distriktssenteret – Kompetansesenter for distriktsutvikling

Konferansier/leiar av dagen: Hans Blattmann, leiar av planutvalet


Kl. 09.00 – 10.15 Opning og innleiing til temaet; lokal verdiskaping og berekraft

  • Velkomen v/Ordførar i Bykle kommune Jon Rolf Næss og Fylkesordførar Arne Thomassen
  • Gründerverksemd basert på naturgrunnlaget - Ordførar Alfred Bjørlo i Stadt kommune
  • Korleis auke konkurransekraft og attraktivitet for fritidsbustader/turisme? - Kjell Ove Solbakken, Norsk turistutvikling

Kl. 10.15 - 10.30 - Pause

Kl. 10.30 – 12.00 Samfunnsutvikling – Destinasjons- og attraksjonsbygging/Stadutvikling

  • Duett eller duell – samhandling og samskaping – Roar Vangsnes, Distriktsenteret
  • Nye måtar å skapa destinasjonar – Jan Fasting, Canvas Hove
  • Stad- og attraksjonsbygging – kva kan krevjast av kommunen? – Gaute Ubostad

Kl. 12.00 – 12.45 – Lunsjpause

Kl. 12.45 – 13.45 – Korleis skal vi jobbe med stadutvikling i Bykle?

  • Bykle – bygd av rein kraft v/leiar av Bykle næringslag Tor Halvard Mosdøl
  • Hegni frilufts- og aktivitetsområde – presentasjon av mulegheitsstudie – Kathrine Hesthag (Trollvegg arkitektstudio)/Tone Straume Wikeland (Prosjekthuset)
  • Berekraftig stadutvikling – Kjell Overvåg, Professor regional utvikling og samfunnsgeografi UiA

Kl. 13.45 – 14.00 – Pause

Kl. 14.00 – 15.00 – Samtale om vegen vidare

  • Panel av aktørar frå politikk, næringsliv m.m. Roar Vangsnes leier samtalen

Påmelding til informasjonen@bykle.kommune.no