Psykisk helse og rus yter tenester i Valle og Bykle. Tenesta er ansvarleg for å førebygge, diagnostisere og behandle innanfor psykisk helse og avhengigheit.  Det er tett samarbeid med dei andre tenesteområda i kommunen, samt spesialisthelsetenesta. Tenesteområdet er tverrfagleg samansett.

Koronatiltak: Under pandemien vert samtaler og møte primært gjennomført over telefon og video.

Sjølvhjelp:

Mange kan ha god nytte av sjølvhjelpsprogram for vanskar som søvn, depresjon, dårleg sjølvbilete, angst, stress og bekymring.

Assistert selvhjelp - Ta kontakt med ein av dei tilsette for tilgang. Sjå eigen informasjon om det praktiske og personvern kring tilbodet.

Selvhjelpskurs ved psykiske plager - NHI.no

Selvhjelpsressurs - ifightdepression

Nokre er gratis og andre kostar noko, vel det som du får inntrykk av at kan passe for deg.

Helsefremmande program for gravide


Individretta tilbod:


Målgruppe:
Barn, unge og vaksne med psykiske vanskar eller lidingar, samt rusproblem. 
 
Rammer: 
Hovudsakleg korttidstilbod på inntil 8 samtalar i året, men det vil vere individuell vurdering. 

Tilvising: 
Det er tilrådd å ta kontakt med fastlegen for tilvising til oss, men det er også mogleg å ta dirkete kontakt, sjå kontaktinformasjon lenger ned. Alle kommunale hjelpeinstansar kan tilvise til oss. Når det gjeld barn og unge under 16år, må båe foreldra gje samtykkje.

 

Private tilbod:

Ein kan finne andre behandlingstilbod hos private aktørar, mange har internettkonsultasjonar som moglegheit. Pris varierer.

Finn en psykolog

 

Systemretta tilbod:

Målgruppe:
Andre kommunale instansar, lokalmiljøet og innbyggarane 

Bestilling:
Ved ynskje om systemretta tilbod, sendast ein skriftleg førespurnad til Psykisk helse og rus. Teamet vil ta stilling til førespurnaden og gje tilbakemelding. 

Sjå eiget skjema