Kriseteamet er ein del av kommunen sin beredskap. Alle som bur eller oppheld seg mellombels i Bykle kommune og som av ulike årsaker kjem i alvorlege livskriser kan få hjelp av kriseteamet. Det kan vere alvorlege situasjonar som for eksempel dødsulykker, sjølvmord, drap, alvorlege trugslar eller andre katastrofar som går på menneskelege forhold.

Vi kan kontaktas heile døgnet: Bykle sjukeheim tlf: 91 00 49 45 og heimesjukepleien tlf: 95 23 50 26