Førstkommande laurdag, 27.mai, blir det folkefest i Hovden sentrum da verdenselita i sykkelmiljøet passerer målstreken i det som er fyrste etappe av Tour of Norway. Både TV2 og Eurosport vil sende live frå destinasjonen store deler av dagen. Vi oppfordrar så mange som mogleg til å ta del i festen og stille opp og lage liv langs løypa. Gjerne med norske flagg, aktivitetar og lyd. Syklistane kjem over Haukelifjellet og svingar innom Hovden sentrum før vegen går til målgang ved Hovden Alpinanlegg omtrent mellom kl. 17:30 og 18:15.
Premien er eit 3D print frå Hovden (bilete nedst). For å bli med i trekning av den flotte premien må du stille deg opp langs løypa ein stad i kommune og tagge eit eller fleire foto av publikumsbidraget med '@bykle_kommune' på Instagram. Vinneren vil bli annonsert på kommunen sin instagramkonto.
(Vi forbeholder oss rett til å vise alle innsendte bidrag i våre kanaler)